– Vi har plukka ut fleire parti på luftfoto som er teke av det aktuelle området, parti som vi gjerne vil undersøke nærare. Men det blir vanskelegare no som det er kome snø.
Det seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad til Sunnmørsposten.
– Iallfall gjeld dette høgareliggande område der det kan ligge ein del snø no. Kanskje kan vi få gjennomført undersøkingar av utvalde område lenger ned mot bygda, legg politiadvokaten til.
Har starta innsamlingsaksjon i heimlandet:
Sender polske detektivar til Ørsta
Polske venner av den sakna Maja Justyna Herner har starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for vidare leiting etter henne. Vennene trur og håper ho framleis kan vere i live.
Maja Justyna Herner (25) har vore sakna sidan onsdag 22. november etter at ho truleg la ut på ein tur i området kring Skåla og Saudehornet i Ørsta.
Fleire hundre frivillige har vore med på leitinga i terrenget. I tillegg har det vore nytta hundar, helikopter og drone - men utan å finne den sakna kvinna.
Herner kom nyleg til Norge, og skulle ta seg ein trimtur før jo skulle på jobb onsdag ettermiddag.
Bilen ho nytta vart funnen på parkeringsplassen som blir nytta av turgåarar.