15 mill til senter i Måløy

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok onsdag å løyve 15 millionar kroner i støtte til realiseringa av eit marint forskingssenter i Måløy.

GLAD: Randi Humberset, dagleg leiar i Måløy Vekst. ARKIVFOTO  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Vi er svært fornøgd, og vil rose fylkespolitikarane våre, som samrøystes har valt å støtte Måløy Marine Ressurssenter (MMR) med eit eingongsbeløp på 15 millionar kroner. Fylkestinget følger med dette opp næringslivet sitt samla initiativ for å skape eit marint forskingssenter, og forme framtidas marine næringsliv i Sogn og Fjordane.

Det seier Randi Humberset, daglege leiar i Måløy vekst, og Roger Bergset, dagleg leiar i Stiftinga Måløy Marine Ressurssenter.

MMR er eit samarbeid mellom marine bedrifter, Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet og Måløy vidaregåande skule.