Ekstraordinært hemmeleghald før ekstraordinært kommunestyremøte i Sykkylven

Ein dag før det ekstraordinære styremøtet som kommunestyrerepresentantane i Sykkylven fekk vite om på tysdag, veit dei framleis ikkje stort om saka som dei skal ta ei avgjerd i.

Hemmeleghald: Odd Jostein Drotninghaug, Sp-ordførar i Sykkylven, meiner kommunestyrerepresentantane er varsla i rimeleg tid.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det er eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag. Det er ei lukka sak som skal handsamast. Det gjeld eit mogeleg kjøp av eit bygg eller eit selskap, var alt kommunalsjef Eli Otterlei ville seie om saka då Sunnmørsposten snakka med ho tysdag.