Kraftlinja Ørskog–Sogndal gjer det farleg å bu på Høydalsneset:

Fire hus må fråflyttast

Statnett vil betale erstatning for fire hus på Høydalsneset i Volda etter problemet med isnedfall frå kraftlinja i området.

Høydalsneset: Den vesle grenda Høydalsneset på sørsida av Austefjorden ligg like i nærleiken av kraftlinja Ørskog–Sogndal. Fjordspennet 270 meter over bygda kan vere livsfarleg. Ifølgje ein rapport oppstår problemet på dagar like etter snøfall, og med temperaturar rundt null. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

Nyheter

– Vi er framleis i forhandlingar med grunneigarane, men er no i sluttfasen. Vi håpar å få på plass avtale tidleg på nyåret, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett, region midt.

Den store kraftlinja frå Ørskog til Sogn går i luftspenn over Høydalsneset i Austefjorden i Volda. Allereie første vinteren linja var i drift, i 2015, merka ein at det kunne vere livsfarleg å opphalde seg under luftspennet. Det datt nemleg ned isklumpar frå linja, frå ei høgd på 270 meter.