Helsehuset har fått namn frå sjøen

Det nye helse- og velferdssenteret i Vestnes skal heite Helsehuset Stella Maris. Det har formannskapet vedteke, etter ein namnekonkurranse.

VESTNES: Helsehuset Stella Maris blir namnet på det nye helse- og velferdssenteret i Vestnes. FOTO: SKANSKA/VESTNES kommune  Foto: Skanska

Nyheter

Det kom inn i alt 17 forslag, skriv Vestnesavisa. Helsehuset Stella Maris vart vedteke mot ei røyst i formannskapet.

Stella maris er det latinske namnet på sjøstjerne, og forslagsstillarar var Elin Connor og Ingrid Frostad.

Martin Kjøpstad frå Venstre representerte mindretalet i formannskapet. Han gjekk for å kalle bygget Hammeraashuset.

Andre namneforslag som kom inn var: Vestnes omsorgssenter, Færing Trivselsheim, Blinken, Vestnes helse- og velferdssenter, Hellandstøa, Herman Lehmkul-huset, Lars Hammeraas-bygget, Båten, Helsesenteret/Helsehuset, Vestnes helsehus, Vestens Ve og Vel-senter, Center Omnium, Omnia-senteret og Slippen.

Vestnes skal bruke inntil 415 millionar på prosjektet. Bygget skal innehalde 64 plassar, halvparten institusjonsplassar. Dessutan skal senteret huse legesenter, kafé og bibliotek.

Entreprenør er Skanska.