Trafikkulykke i Tjørvåg

To biler har kollidert i Tjørvågane i Herøy.

Ulykkesstaden.  Foto: SMP-tipsar.

Nyheter

Politiet melder om at ein person er frakta bort i luftambulanse til Ålesund sjukehus, og ein person i vanleg ambulanse.

– Begge var bevisste og kunne forklare kor de hadde smerter, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten.

Ulykka har ført til store trafikale problem.

– Men no er den eine bilen ut av vegbanen, mens dei jobbar med å få ut den andre også, seier Ferstad.

Operasjonsleiaren opplyser om at ulykka skjedde i ein 80-sone, og at det er snakk om ein front mot frontkollisjon med store materielle skader. Det skal ha vore fine køyreforhold på staden.