Senterleiar Inger Sandvik Sundnes har stor tru på Amfi-senteret for framtida:

Ønskjer Amfi-senter med fleire etestader og andre sosiale møteplassar

– Sjølv om det no er satsa stort på kjøpesenteret på Moa, noko som er svært positivt, ligg det likevel til rette for ein vekst for Amfi i Ørsta for framtida.

  Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD/Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt:) Leiar på Amfi-senteret i Ørsta, Inger Merete Sandvik Sundnes, konstaterer at julehandelen i Ørsta er i gang for fullt for dei 32 handelsaktørane på det største kjøpesenteret på Søre Sunnmøre. Ved utgangen av november hadde 900.000 personar i år vore innom Amfi i Ørsta, ein auke på fire prosent samanlikna med i fjor. Omsetninga på senteret ligg i år an til å verte om lag som i fjor. Då vart det selt varer for 386 millionar på Ørsta sitt kjøpesenter. Satsinga på Amfi Moa trur Sandvik Sundnes ikkje vil gje auka handelslekkasje frå Ørsta.