Ørsta-ordføraren om konkursen: - Forferdeleg og dramatisk

Stein Aam (Sp) seier han er uroleg for arbeidstakarane. Trur likevel ein kan kome fram til gode løysingar for dei.

Ordførar: Stein Aam i Ørsta. ARKIVFOTO: ANNE-MARI TOMASGARD  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

- Eg vart orientert om den kommande konkursen kort tid før den vart opna i Søre Sunnmøre tingrett.

Det seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) etter at entreprenør K.A Aurstad sjølv melde oppbod torsdag føremiddag.


K.A. Aurstad er konkurs

Storentreprenør med hovudkontor i Ørsta har meldt oppbod.


- Eg opplever det som har skjedd som forferdeleg og dramatisk. Samstundes har K.A Aurstad opptredd svært ryddig. Sjølv om eg er uroleg for arbeidstakarane etter konkursen, trur eg - nett med bakgrunn i den innstillinga K.A Aurstad har vist, at det kan vere mogleg å kome fram til gode løysingar i framtida, seier han.


Tøft år for K.A. Aurstad:

Solid ordrereserve, men stort tap i Trøndeleg

K.A. Aurstad AS har hatt store tap på eit prosjekt på E6 i Sør-Trøndelag. Det pregar årsresultatet for 2017.