Ekstra kolonnar i Godøytunnelen kvar natt fram til jul

  Foto: Knut Opeide

Nyheter

Frå natt til laurdag 8. desember vert det ei ekstra kolonne klokka 00.10 frå Godøya, og frå Giske klokka 00.30, opplyser Statens vegvesen.

- Dei ekstra kolonnane vil halde fram til utbetringsarbeidet i Godøytunnelen tek juleferie 21. desember, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland.

Det blir fri ferdsel i tunnelen frå 21. desember klokka 12.00 til 2. januar klokka 12.00.

Siste hurtigbåt før jul vil gå frå Godøya klokka 02.00 natt til laurdag 22. desember. Første avgang på nyåret vert tysdag 2. januar klokka 05.50 frå Godøya.