Politiet meiner å ha oppklart våpentjuveri frå Vartdal Skyttarlag

Har sikta tre menn etter å ha funne store mengder våpen

Våpen som er stolne i Ørsta har politiet no funne att på fleire adresser, mellom anna på Austlandet.

Det var i oktober det var innbrot hjå Vartdal Skyttarlag. Tjuvane fekk med seg 18 våpen.  Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt

Nyheter

Politiet meiner dei har oppklart eit våpentjuveri frå lokala til Vartdal Skyttarlag på Vartdal i slutten av oktober. To våpenskap på 250 kilo vart stolne med alt av innhald, til saman 18 rifler. I helga fekk politiet eit gjennombrot i etterforskinga.

– Sidan laurdag kveld har vi arbeidd intenst med å løyse denne saka. Tre menn frå søre Sunnmøre har status som sikta i saka. Det er gjennomført ransaking og beslag på ei rekke adresser, der politiet har gjort beslag av våpen tilhøyrande Vartdal skyttarlag, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ho seier dei går ut med informasjon fordi det kan vere tryggande for folk på Vartdal og i Ørsta å vite at det no er gjort beslag, og at tre menn er arresterte.

Fleire våpentjuveri

I samband med etterforskinga har politiet også kome over rifler og ammunisjon som viser seg å stamme frå eit våpentjuveri frå ein bustad i Ørsta tidlegare i haust.

– Under ransakingane blei det funne store mengder våpen, både registrerte og uregistrerte våpen, ammunisjon, TNT, fenghetter, tennlunter, ulike våpendelar.

– Våpen frå ei av desse sakene er også funne ein stad på Austlandet, som ei fylgje av vår etterforsking, seier Hjelle.

Ubesvarte spørsmål

Stort meir enn dette vil eller kan Hjelle ikkje seie no.

– I kva miljø er desse våpena funne?

– Eg kan ikkje seie at det er eit konkret miljø på noverande tidspunkt.

– Korleis vart dei tre mennene frå søre Sunnmøre avslørt?

– Det har vore ei omfattande etterforsking sidan laurdag kveld, med mange etterforskarar i sving, og det har vore eit godt samarbeid, er alt ho vil seie.

Ho vil heller ikkje fortelje kor mange våpen som er tatt inn. Etterforskinga skal halde fram.

– Vi har valt å prioritere etterforskinga høgt fordi det knyter seg stor risiko å ha så mykje våpen utanfor kontroll, seier Hjelle.


Våpentjuvar framleis på frifot:

18 våpen stolne frå skyttarlag

Politiet har fått lite tips etter våpentjuveriet på Vartdal og er framleis interessert i tips.

 

Femten våpen stolne på Vartdal:

– Dette går ut over ungdomane

Måndag vart det oppdaga innbrot i lagslokala til Vartdal skyttarlag. Femten våpen har blitt stolne, og det går svært hardt ut over ungdomsavdelinga i skyttarlaget.