Norddal kyrkje får altertavla tilbake til jul

Julegåva til bygda Norddal, i kommunen med same namn, blir opna torsdag: Ei nyrestaurert altertavle.

Altertavla: Onsdag ettermiddag var den ferdige restaurerte altertavla i ferd med å bli montert i Norddal kyrkje, etter eitt år og ni månader på verkstad. FOTO: Christina Spaarschuh / Riksantikvaren  Foto: Christina Spaarschuh

Nyheter

– Ho har vore borte på verkstad i eitt år og ni månader. Men det er ikkje alle som har besøkt kyrkja i denne tida som har oppdaga det, seier soknerådsleiar Gudmund Relling.

Og avslører at presten Morten Gravdal, som er ein dyktig fotograf, saman med kyrkjetenar Dan Høglund fekk hengt opp eit digert fotografi av tavla før ho forsvann.