Maskinentreprenør K A Aurstad AS i Ørsta er konkurs etter stortap i Trøndelag - kom som eit sjokk på tilsette og lokalsamfunn:

Over 200 utan jobb etter Aurstad-konkurs

– Dette slo ned som ei bombe, seier Erling Lid, tillitsvald og ein av 212 tilsette som no står utan arbeid etter konkurs i K A Aurstad AS.

tapsprosjekt: E6-prosjektet i Sokndal blei eit stort tapsprosjekt for K A Aurstad. Kontrakten var verd over 300 millionar kroner for dei, ifølgje nettida til selskapet. Selskapet har hatt eit tap på 80 millionar, og det var ikkje råd å få med bankar på refinansiering for å unngå konkurs. Foto: Statens vegvesen  Foto: Staten vegvesen

Nyheter

Søre Sunnmøre tingrett opna tysdag konkurs i entreprenørselskapet K A Aurstad AS, med hovudkontor i Hovdebygda.

– Folk er sjokkerte. Vi veit at selskapet har vore drifta tungt ei stund, men hadde håpt å unngå konkurs, seier Erling Lid, som er tillitsvald i Norsk tenestemannsforbund i bedrifta.