«Expo» vert ny arbeidsplass for 50 tilsette og 500 heiltidsstudentar ved høgskulen

«Ope, moderne og kult»

Expo vann arkitektkonkurransen for nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda. 50 tilsette og 500 heiltidsstudentar får ein «ope, moderne, kul framtidsretta» arbeidsplass.

Nytt mediebygg: Tilsette og studentar ved høgskulen kan sjå fram til det nye mediebygget, som kjem her om drygt to år. Frå venstre: Reidulf Ottar Botn, Johann Roppen, Leif Roar Strand, Per Halse og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Muren rett bakom dei høgskuletilsette, kan sjåast i front på illustrasjonen.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Etter å ha slite med gamle lokale i årevis, ser tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda fram til å ta i bruk i eit splitter nytt mediebygg om kring to år. I går blei vinnaren av arkitektkonkurransen gjort kjend – og valet falt på «Expo».