Fleire bilar blei avskilta i Stryn

Tre bilar blei avskilta under Statens vegvesen sin trafikkontroll i Stryn fredag.
Nyheter

Statens vegvesen kontrollerte 41 bilar i Stryn fredag og melder om fleire reaksjonar mot bilførarar som ikkje hadde alt i orden.

Tre bilar blei avskilta. Av desse blei to kravd avregistrert på grunn av manglande forsikring og omregistrering. Den tredje fekk bruksforbod fordi alle bremselysa var defekte.

Kontrollørane delte også ut tre gebyr for manglande dokument og eitt for manglande bilbelte.