Evakuert frå lasteskip utanfor Newfoundland i spektakulær redningsoperasjon:

Ny bok lettar på samvitet

Nesten 50 år seinare ser skipper Elias Per Vågnes tilbake på hendingane som kunne kosta han og 17 andre livet.

Kom heim: Elias Per Vågnes kom frå havariet med livet, men har bore ei tung bør sidan ulukka for 46 år sidan. No gjev han ut bok om hendinga.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Nyheter

– På femten år fekk eg ikkje snakke om saka. Det var oppgjer mellom aktørane og mat for sakførarane fram til 1987. Eg hadde teieplikt.

Endeleg får skipper Elias Per Vågnes letta på børa han har bore med seg sidan MS Rumba havererte utanfor Newfoundland 15. desember 1972. No gjev han ut bok om hendinga.