Nye Nordøyveg-analysar frå fylkesrådmannen og Deloitte

Fredag ettermiddag kom oppdaterte analysar av økonomien i Nordøyvegen.

Illustrasjon: Statens vegvesen 

Nyheter

Fylkesrådmannens nye modell skal vise kontantstraumen for kvart år i Nordøyveg-prosjektet. Tala skal vere justert for inflasjon. Dermed skal dei kunne takast rett inn i økonomiplanen for det enkelte budsjettår.

Først kjem fylkesrådmannen si eige budsjett for Nordøyveg-prosjektet. Konklusjonane vart lagt fram onsdag, no kom meir talmateriale som skal vise forutsetningane. Her får økonomien i vegprosjektet ein stor pukkeleffekt dei første ti-tolv åra. Det er også dyrare å bygge Nordøyvegen, totalt 700 millionar kroner, enn å la ferjene gå som i dag. Låneopptaket er berekna til 3,8 milliardar kroner. Fylkesrådmannen meiner at fylkesøkonomien ikkje toler dette.