Skal demonstrere mot kutt i skulen

– 11. desember skal fylkestinget avgjere skjebnen til utdanningssektoren, ifølgje Elevorganisasjonen.

Skule: Fagerlia vidaregående i Ålesund er ein av skulane som Elevorganisasjonen nemner i pressemeldinga. Arkiv.  Foto: June R. Johansen

Nyheter

Elevorganisasjonen i fylket har tidlegare gått hardt ut mot Nordøyvegen. No varslar dei demonstrasjon mot kutt i vidaregåande skule.

Dei vidaregåande skulane i fylket skal spare éin prosent på budsjettet i 2018, og tilsvarande neste år. Pål Årsæther i Møre og Romsdal Lektorlag har tidlegare påstått at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal no gjer dei største skulenedskjeringane i manns minne.

– Vi demonstrerer for å påverke at fylkestinget skal finne pengar frå andre plassar, så skulen ikkje blir nedprioritert, skriv Elevorganisasjonen i ei pressemelding signert fylkesleiar Aurora Stafsnes Håkonsen.

På fylkestinget neste veke kjem det opp to ekstra store saker: «Økonomiplan med handlingsplan 2019-2022» og «Nordøyvegen – anbodskonkurranse K5». Etter at første møtedag er avslutta, inviterer Elevorganisasjonen til ein demonstrasjon mot det dei kallar fylket sine dårlege prioriteringar av pengar til skulen.

– 11. desember skal fylkestinget avgjere skjebnen til utdanningssektoren i Møre og Romsdal. Dei skal avgjere om elektroelevane på Borgund vgs. skal fortsette å ha undervisning i brakker, om at taket i eit bygg på Fagerlia vgs. skal fortsette å falle frå kvarandre og at det framleis skal vere dårlege forhold på skular rundt om i heile fylket, går det fram av pressemeldinga.

– I fleire år har fleirfaldige skular blitt lovd oppussing og betre vilkår, dette blir framleis halde på pinebenken grunna større og "viktigare" prosjekt, heiter det utan at konkrete prosjekt er nemnt. – Det er allereie fleire skular som ligg i faresona til å bli lagt ned, medan andre skular ikkje kan ha tilpassa opplæring eller enkelte fag. Vi har fått nok, og det er på tide vi viser det, står det i pressemeldinga signert fylkesleiar Håkonsen i Elevorganisasjonen.