Vil hestehandle om Nordøyvegen

Bjarne Kvalsvik fortvilar over at den slitne Nerlandsøybrua ikkje snart blir erstatta.

Nerlandsøy bru har kanskje fem års levetid att utan vedlikehald. Bjarne Kvalsvik vurderer no å bryte det valtekniske samarbeidet med Senterpartiet.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Bjarne Kvalsvik (Uavh) vurderer no å hestehandle om Nordøyvegen.

Ei ny Nerlandsøy bru med 20 meter seglingshøgd er kalkulert til 450 millionar kroner. Og reguleringsplanen er klar. Men samferdselsutvalet i fylket er ikkje villig til å løyve meir enn halvparten av pengane. På dagens Nerlandsøybru er asfaltdekket skrapa bort for at brua skal få så små påkjenningar som råd. Det er også innført lysregulering.