Politiloggen:

Rykte ut til brann i industribygg

Like før klokka halv tolv laurdag kveld var det full utrykking til eit industribygg i Hovdebygda, etter at brannalarmen gjekk.

  Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Nyheter

Klokka 23.24 fekk politi og brannvesen melding om brann i eit industribygg i Hovdebygda i Ørsta. Ingen personar var på staden då brannen oppstod, melder Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var rask kontroll på brannen, som ifølgje Møre-Nytt var ved bedrifta PE Bjørdal. Avisa har også fått opplyst at det var ein vektar som oppdaga røykutvikling. Møre-Nytt melder også at ein ny hall ved bedrifta har fått store røyskader.

Ørsta brannvesen rykka ut. Det same gjorde politi og helse, melder 110-sentralen.

Bar kniv på offentleg stad

Utover natta blei det meldt om fleire mindre hendingar, fleire stader i distriktet.

Klokka 23.52 fekk politiet melding frå ein vektar som hadde teke ein kniv frå ein gjest i Skodje. Mannen i 20-åra blei vist vekk frå staden og blir meld for å ha bore kniv på offentleg stad.

00.50 blei det meld om ordensuro i Volda sentrum. Ein mann i 20-åra fekk pålegg om å fare heim.

01.18 var det ein mann i Ålesund som blei bortvist, etter ordensuro ved ein utestad i sentrum.

01.23 møtte politiet på eit par i Ålesund. Mannen i 40-åra var overstadig rusa. Han var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv og blei pålagt å kome seg heim.

Slåsting i Skodje

02.23 blei to menn viste vekk frå ein serveringsstad i Ålesund sentrum, fordi dei var rusa.

04.10 la politiet ut melding om kontroll i Sykkylven. Åtte bilførarar blei kontrollerte, og det var ingen reaksjonar.

04.16 måtte politiet i Ålesund setje ein mann i 20-åra i drukkenskapsarrest. Mannen var før på natta vist vekk frå sentrum.

Klokka 03.36 var det slåsting ved ein utstad i Skodje. Ein mann i 20-åra blei pågripen av politiet. Offeret, ein mann i 30-åra, blei sett til av helsepersonell.

Siste melding frå politiet i Møre og Romsdal natt til søndag er lagt ut klokka 05.01. Då blei det meldt om høg musikk frå ei leilegheit i Ålesund. Musikken forstyrra natteroa før lyden blei skrudd ned.



Seks pågrepet etter ran i Oslo

Seks ungdommer er pågrepet etter at en mann ble slått ned og ranet ved Grorud i Oslo. Politiet beskriver natten som hektisk.



Flere knivran i Oslo

Kort tid etter at politiet meldte om at en væpnet mann ranet en Joker-butikk på Linderudsletta i Oslo, ble en kvinne utsatt for et knivran i hovedstaden.