Heider til kafeen Sødahlhuset

Sødahlhuset i Åndalsnes fekk fylkets miljøpris på fylkestinget.

Fylkets miljøpris til Sødahlhuset på Åndalsnes. Frå venstre: Solrun Fuglestad, Liv Hege Seglstu, Mari Melbø Rødstøl, Rannveig Nyheim, Runar Vestheim, leder i regional- og næringsutvalet og fylkesordfører, Jon Aasen.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Kafeen Sødahlhuset i Åndalsnes er heidra med fylkets miljøpris 2018.

– Prisen er eit signal om at dette vil vi ha meir av, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Sødahlhuset tilbyr lokal mat og kurs innan kortreist mat, i tillegg til gjenbruk.

– Det ligg sterk vilje bak. På tripadvisor er dei også nummer 1 i Åndalsnes, sa Vestheim.

– For oss har det vore pri éin å ta miljøansvar frå første stund, sa medeigar Mari Melbø Rødstøl til fylkestinget.

Sødahlhuset opna i juni 2012, i ein del av Åndalsnes der det var fare for stengde dører og mørklagde vindauge. Dei var inspirert av Jacu Kaffebrenneri i Ålesund. Fjellfestivalen på Åndalsnes gav dei vidare draghjelp, der dei serverte bakervarer med mjøl frå Volda, og med syltetøy frå Valldal. Sidan har dei tatt i bruk ost frå Tingvoll og ei rekke andre lokale matvarer. Klesbytekveldar har dei også, fortalde ho. Rødstøl påstår at folk ved fleire anledningar har kome eins ærend frå andre stader i landet for å besøke Sødahlhuset.

Rødstøl nytta også anledninga på talarstolen til å utfordre fylkestinget:

– Kloden står overfor ei ekstrem utfordring, det hastar og alle må bidra, også de som er politikarar i vårt oljefylke, sa Mari Melbø Rødstøl. Prisen består av eit kunstverk og 15.000 kroner.