Godt vern-prisen går til Kurlå

Restaureringa av stovehuset på Kurlå i Stranda blir heidra med Godt Vern-prisen 2018.

VINNAR: Husmannsplassen Kurlå ved Sunnylvsfjorden får årets Godt Vern-pris. Storfjordens Venner har stått sentralt i dette restaureringsarbeidet. 

Nyheter

Prisen blir kvart år delt ut av Sunnmørsposten og Fortidsminneforeningen.

Juryen seier Kurlå var ein av fleire husmannsplassar under garden Åsen, og huset er truleg det siste våningshuset som står att av husmannsplassane langs Storfjorden. I våningshuset budde både folk og dyr fram til fråflyttinga tidleg på 1900-talet, og lite var blitt gjort på huset før ei omfattande restaurering i åra 2015–17.

Juryen peikar på eit godt utført restaureringsarbeid av Storfjordens Venner på eit svært skada objekt:

– Restaureringa er vernefagleg utført, og ein har følgt antikvariske prinsipp. Det er nytta tradisjonelle arbeidsteknikkar og riktige materiale, og ein har reparert det som har vore naudsynt for å komplettere original bygningsmasse.

Dei legg til at Kurlå er ei levd bygning, og det er fint å sjå spelet mellom det gamle og det nye.

Sunnylven skule har vore aktiv med på å rydde i og rundt Kurlå, har nøkkel til huset og nyttar det til undervising. Juryen set pris på bruken av Kurlå.