Endeleg har reiarlaget båt igjen

Nye «Hovden Viking» vart døypt og overlevert laurdag.

Båtdåp: Nye «Hovden Viking» vart døypt ved Larsnes Mek. laurdag.   Foto: Privat

Nyheter

Fiskebåten er det tredje nybygget til reiarlaget Hovden Senior AS i Selje.

Båten er teikna av Rolls-Royce Marine. Sidan i sommar har den blitt utrusta ved Larsnes Mek. Verksted.

Reiarlaget har vore utan båt sidan den forrige «Hovden Viking» vart seld for nesten to år sidan. Gudmor for nybåten er Andrea Sofie Hovden (12). Ho er skipper Rune Hovden sitt eldste barnebarn, skriv Fjordenes Tidende.

«Hovden Viking» er 46 meter. Fartøyet skal fiske pelagisk (både sild og makrell), og er rigga for føring av levande torsk, kvitfisk-sei i bulk og kvitfisk isa i kar. Båten er også lett å rigge for tråling, skriv Vestlandsnytt.


Fleire tilsette, overskott og auka omsetnad for Sande-verft:

Nye skip på løpande band for Larsnes Mek.

Fleire tilsette, overskott og auka omsetnad er status for verftet på Larsnes.



Larsnes Mek skal bygge ny «Hovden Viking»

Larsnes Mek Verksted AS har skrive kontrakt med Hovden Senior AS i Selje om ein ny «Hovden Viking».