Kvinne busett i Nordfjord tiltalt for terrorverksemd

Ei kvinne i 30-åra er tiltalt for deltaking og økonomisk støtte til IS.
Nyheter

14. januar må kvinna, som opphavleg er flyktning frå Somalia, møte i Oslo tingrett. Det var NRK som først melde om saka. Ifølge NRK er det første gong ei kvinne blir terrortiltalt i Norge.

I perioden frå juni 2016 til november 2017 deltok kvinna i terrororganisasjonen Den islamske stat og Levangen (ISIL), ifølge tiltalen som statsadvokat Marit Formo tok ut 14. desember.

– Tiltalen er alvorleg. Samla strafferamme i saka er 12 år, seier statsadvokaten til NRK.

Propaganda

Kvinna hadde i denne perioden kontakt med fleire personar tilknytt ISIL, i Syria, Storbritannia og Sudan, og deltok i opne og lukka forum på Internett som publiserte propaganda for ISIL, står det i tiltalen.

"Ho deltok i arbeid med å utvikle og spreie ISIL-propaganda, mellom anna ved å lese korrektur på propagandatekst, oversende propagandameldingar og tekst med valdeleg jihadistisk innhald til en person tilknytt ISIL og oppretting av fiktive brukarkontoar på ulike sosiale medium.", heiter det i tiltalen.

Ho skal ha formidla kontakt mellom ein mann i Storbritannia og eit ISIL-nettverk i Syria. Mannen planla å reise til Syria og slutte seg til ISIL. Han blei arrestert på ein flyplass i London 23. mai 2017.

– Var på veg til Syria

Våren 2017 skal ho ha forberedt ei reise til ISIL-kontrollerte område i Syria for å slutte seg til organisasjonen, ifølge tiltalen. Det blir mellom anna vist til eit skjema der det blir søkt om innreise til ISIL for kvinna. Mannen som utarbeida søknaden, var krigar for ISIL i Syria, og det kjem fram av skjemaet at planen var at kvinna og ISIL-krigaren skulle gifte seg. Eit bilde av skjemaet blei send til kvinna sin mobil, står det i tiltalen.

Hausten 2017 reiste ho frå Nordfjord. Ho var innom fleire europeiske land før ho kom til Wien. Her fekk ho ifølge tiltalen hjelp av to personar til opphald og flybillett og/eller pass i eit anna namn. 1. november blei ho arrestert då ho skal ha forsøkt å fly frå Wien til Istanbul i Tyrkia. Politiet meiner ho var på veg til Syria. 

Etter dette søkte ho asyl i Austerrike og blei plassert på eit asylmottak. Kort tid etter reiste ho til Italia, der ho blei arrestert og fengsla, fram til ho blei uttransportert til Norge 5. desember 2017.

PST arresterte kvinna på Oslo lufthamn 5. desember 2017, ifølge NRK. NRK har også tidlegare skrive at politiet fann bombeoppskriftar på mobilen til kvinna.

– Overførte pengar til ISIL

Kvinna er også tiltalt for å ha ytt økonomisk støtte til terrororganisasjonen.

I juni 2016 overførte ho ifølge tiltalen eit ukjend beløp til ein mann som på tidspunktet enten var deltakar og krigar for ISIL eller på veg til Syria med det formål. Den same mannen fekk pengar også februar 2017.

I april 2017 sende ho 847 dollar til ein mann i Storbritannia, som var knytt til ISIL. Han blei arrestert på flyplassen i London 23. mai 2017 på veg til Syria, og i april 2018 blei han funne skyldig i å forberede terrorhandlingar av Central Criminal Court i London.

Nektar straffskuld

Advokat Steingrim Wolland er kvinna sin forsvarar. Han seier kvinna stiller seg heilt avvisande til tiltalen.

– Dette er å dra det etter håra. Ho har aldri vore medlem av IS eller vore i noko IS-kontrollert område, eller gjort noko som helst som er av betydning for IS. Sjølv ikkje tiltalen beskriv eigentleg noko slikt. Det begynner å bli nokså smått, når det er tale om å lese korrektur, seier advokaten til Sunnmørsposten.

Han peiker på at ho aldri har vore i eit IS-land.

– Ho blei jo arrestert i Wien. PST meiner ho var på veg til Syria. Eg meiner det i verste fall kan dreie seg om eit forsøk, ikkje om faktisk deltaking, seier Wolland til Sunnmørsposten.

Medan PST meiner at ho var på veg til Syria, har kvinna forklart at ho var på veg til Istanbul for å reise vidare til Afrika.

– Ho skulle reise til son sin, som var sjuk, for å få han på sjukehus, seier advokaten.

– Politiet har gjort funn på mobilen hennar. Ifølge NRK fann dei blant anna bombeoppskriftar?

– Om nokon har søkt på noko på Internett så vil det lagrast ein kopi. Viss eg låner mobiltelefonen og søker på noko, så vil det bli lagra på din telefon. Men det er jo fritt fram å søke på ting. Så lenge det ikkje er barneporno, er det ikkje straffbart, seier Wolland.

Han seier at det er ei hard belastning for kvinna å sitte i varetekt.

– Det er mykje tyngre å sitte i varetekt enn å sone, for ein veit jo ikkje kva som vil skje. Men ho er ved godt mot, seier han.