Treng investor til ny kai

KAI: Det kan kome ei ny hamn her på Stranda.  

Nyheter

På vegner av Stranda kommune får Stranda hamnevesen KF fullmakt til å gå i forhandlingar med private investorar om bygging av kai og distribusjonshamn på Stranda.

Det har kommunestyret i Stranda vedteke.

Vidare heiter det i vedtaket at Stranda hamnevesen skal ha retten til å disponere kaia sjølv om det vert inngått eit samarbeid med eksterne investorar. Når avtaleperioden er over skal kaianlegget førast tilbake til Stranda kommune.

Kommunestyret seier også at etablering av kaia skal fortrinnsvis baserast på ein modell der investorar bygg ny Stranda kai og distribusjonshamn etter «Seawalkmodellen» og opprettar bruksavtaler med Stranda hamnevesen.

Det er valt eit forhandlingsutval til det vidare arbeidet.