Elferje i Volda frå 2020

Statens vegvesen opplyser om at det frå 1. januar 2020 vert elektrisk ferje mellom Volda og Folkestad.

Ny: Kaia er under utskifting. I 2020 kjem elferje. foto: Ole Kristian Remkall/ Statens vegvesen 

Nyheter

Dette fortel dei i ei pressemelding som, i tillegg og uavhengig av nyheita om elfjerjene, handlar om at den eksisterande ferjekaia i Volda er under utskifting.

«Vi ønskjer å takke for tolmodet til dei som bur og arbeider i området. Vi ønskjer dei, og dei ferjereisande, god jul og eit godt nytt år». Det seier prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen i meldinga.

Planen er at den nye kaia skal vere ferdig støypt i mars, og takast i bruk i mai. Det skal også byggast ny gang- og sykkelveg langs sjøen der kaia går i dag. I tillegg skal det byggast nytt venterom med toalett. Det skal opparbeidast nytt grøntareal bak den gamle kaia – og «grøne» ferjer er altså venta.