To kvinner omkomne etter trafikkulukke

  Foto: Siri Kolseth, Fjordenes Tidende.

Nyheter

To kvinner er omkomne etter ei trafikkulukke i Kjølsdalen i Eid kommune, på Rv 15 mellom Nordfjordeid og Måløy, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding. Ulukka skal ha skjedd rundt 20.20 tredje juledag.

Dei to vart påkøyrde av ein bil som køyrde ut av vegbana og opp på ein gangveg. Dei to vart erklært døde på staden av ein lege. Identiteten til dei to skal vere kjend av politiet, og det jobbast med å få kontakta dei pårørande.

Føraren av bilen skal vere lettare skadd, og er teken hand om av helsepersonell. Føraren vil òg rutinemessig bli sjekka for påverknad, og det vil bli vurdert om vedkommande kan avhøyrast i kveld.

Kriminalteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen vil gjere undersøkingar på staden i kveld.

Rv 15 mellom Stårheim og Bryggja var stengd i ein periode frå klokka 21.00 som følgje av ulukka.

- Ulykkesgruppa var like ved da ulykka skjedde, og kriminalteknikerne er på veg frå Førde. To prestar er også på veg for å snakke med pårørande, seier driftseiningsleiar Tormod Hvattum i Nordfjord politidistrikt.

Hvattum seier det er uklart om det var nokon vitne til ulykka. Det var forbipasserande som varsla naudetatane.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune opplyser at kommunen er blitt varsla om ulykka og har kalla inn kriseleinga.

– Krisestab er sett. Det viktigaste er at psykososialt kriseteam er kalla inn og at dei er på veg til bygda, seier han til VG.