Driftsbygning i brann

Søndag morgon vart det meldt om brann i ei driftsbygning i Hjørungavåg.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Nyheter

Både brann, politi og helse rykka ut til brannen, der det tidleg vart meldt om at det ikkje var dyr i bygget.

Brannen er no slukka, og etterslukking pågår opplyser vaktleiar Rian Morrison ved 110-sentralen til Sunnmørsposten like etter klokka 9.

Driftsbygninga brann heilt ned. Brannvesenet avslutta på staden søndag førmiddag.