Gjekk siste turen frå Sulesund til Hareid nyårsaftan. Sjå bildeserie:

Siste reis med Ullensvang

Klokka 14.30, 31. desember 2018 gjekk bilferja MF Ullensvang sin siste tur i sambandet Hareid-Sulesund. Til stor glede for mange - og noko vemodig for somme.
Nyheter

(Vikebladet Vestposten:) "Problemferja", "Tullensvang", "Ullenstvang". Bilferja som blei sett inn av drivarselskapet Norled mellom Hareid og Sulesund i 2015 har fått mange kallenamn under si tid i sambandet. Tallause gonger har det vore problem knytt til ferja, anten det har vore teknisk svikt, eller ein sjeldan gong, menneskeleg svikt. Men då også oftast grunna tilstanden til ferja.