Nav-direktøren trur på betring i arbeidsløysa, men:

– Kan slite med å finne folk

Arbeidsløysa har bite seg fast på ytre søre. Men for mannfolk i sin «beste alder» har det også her vorte enklare å få jobb siste året.

Rett veg: Arbeidsmarknaden går rett veg og arbeidsløysa har gått ned med 8,4 prosent i Møre og Romsdal sidan same tid i fjor. Her er Nav-direktør Stein Veland (bakerst) på besøk hos Marin Teknikk saman med arbeidsminister Anniken Hauglie.   Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Dei siste tala frå NAV over arbeidsledige viser at betydeleg fleire har kome i arbeid i løpet av det siste året. I reine tal er det snakk om kring 400 færre personar i Møre og Romsdal, som ikkje lengre er på jakt etter arbeid.