Nav-direktør råder unge til å velje yrkesfag:

Tre unge har fått jobb etter jobbmesse i haust

Ny start for Helene, Levi og Agnieszka etter at Sunnmørsposten møtte dei i haust.

Fekk jobb: Levi Jacobs Jr. i samtale med Malin Ulla Berg i Norwegian Marine Interior på jobbmessa i Ulsteinvik. Det vart ikkje jobb med utstyrsleverandøren, men 20-åringen frå Hareid har fått jobb som truckførar på fiskemottak.   Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Nokre få månader etter Sunnmørsposten mellom anna møtte desse tre på jobbmesse i Ulsteinvik, har alle fått noko nytt å fylle kvardagen med. Agnieszka Legutko (27) har halde kurs og vore rettleiar for NAV i Herøy, Levi Jacobs Jr. (20) køyrer gaffeltruck med fisk i Hjørungavåg og Helene Sætre (21) jobbar i barnehage i Ulsteinvik.