60-70 nye tilsette:

Aurstad gjekk konkurs- no startar dei på nytt

Det har kome i gang ny drift hos Aurstad. Gjennom selskapet Aurstad Tunnel AS er fleire anleggsarbeid i gang, og mellom seksti og sytti personar er tilsette i dette selskapet.

OPTIMISTISK: Dagleg leiar Jo Stian Tverberg har stor tru på at Aurstad-selskapa skal verte slagkraftige og robuste.   Foto: Rune Sæbønes/Mørenytt

Nyheter

(morenytt.no) – Vi har stor tru på at vi skal verte eit konkurransedyktig selskap, og vere med på kontraktane som kjem i marknaden, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg hos Aurstad.