Kjølsdalen i sorg

Heile bygda tok farvel

Ei fullsett kyrkje i Kjølsdalen tok fredag farvel med Marit Johanne Røed Sundal (57) og Anne Elise Sæthre (63) som mista livet i romjula.

GRAVFERD: Ei blomsterpynta Kjølsdalen kyrkje fotografert før gravferda fredag. 

Nyheter

– Torsdag 3. juledag vart julegleda vendt til sorg og fortviling. Ulukka har prega oss desse dagane. Det heile verkar så tilfeldig, så meiningslaust, sa prost Rolf Schanke Eikum, som forretta ved gravferda.

Sunnmørsposten var ikkje til stades, men har fått løyve til å gjengi talen hans.

Tilfeldige og meiningslause

PROST: Rolf Schanke Eikum forretta i gravferda til dei to kvinnene i Kjølsdalen som vart påkøyrde og drepne i romjula. 

Prosten la til at ulukker er ofte det: tilfeldige og meiningslause – og dei råkar uskuldige.

– Det vere seg lyntoget på Storebeltbrua i Danmark, der ei trailerkasse losna frå det motgåande godstoget akkurat då dei passerte kvarandre og trefte eine passasjervogna. Åtte døydde. Eller ein gasseksplosjon i ei bustadblokk i Russland som rasa saman. Minst 36 døydde, fleire er framleis sakna.

– Eller ei tsunamibølgje i Indonesia rett før jul som drap fleire hundre som tilfeldigvis var på stranda eller på strandkonsert.

– Eller to venninner på gåtur, akkurat der bilen skjener over i gangvegen. Med rette kan ein seie at dei alle var på feil stad til feil tid. Slik er det med ulukker, sa prost Rolf Schanke Eikum i talen sin.

Ikkje lett å finne svar

SORG: Fredag var det gravferd frå Kjølsdalen kyrkje i Eid. 

Prosten la til at ein kan spørje om kvifor dette skjer, men ein kan ikkje alltid finne svar.

– Det eg kan seie er at det er ingen dekning i Bibelen for at vi som er kristne er garanterte og vaksinerte mot motgang, ulukker, sjukdom og død. Vi er underlagt dei same lover.

– Men vi har dekning for å seie at Gud vil vere med midt i det vonde som skjer, la Rolf Schanke Eikum til – og minte alle om at lyset er sterkare enn mørkeret.

Prosten avslutta talen i Kjølsdalen kyrkje med å oppfordre alle om å ta vare på kvarandre – og håpet.

Ein av dei som var til stades i gravferda var Eid-ordførar Alfred Bjørlo:

– Dette var ei fin og verdig gravferd. Samstundes var det ei sterk oppleving å kome inn i ei kyrkje der det stod to blomsterpynta bårer, seier Bjørlo.

Kjølsdalen kyrkje frå 1940 har 300 sitteplassar. Alle desse var fylte opp.

– I tillegg stod det folk heilt ut på trappa fordi dei ikkje fekk plass inne, seier Alfred Bjørlo – og fortel at det var svært mange både frå bygda og elles som ville ta farvel med dei to.