Fire i arrest i løpet av natta:

Fleire personar i slagsmål

Ein person er arrestert etter eit slagsmål mellom fleire personar i Ålesund sentrum natt til laurdag.
Nyheter

Klokka 02.32 melder politiet i Møre og Romsdal om eit slagsmål mellom fleire personar utanfor ein utestad i Ålesund sentrum.

Ein person blei bortvist frå staden, og ein annan blei teken med til arresten. Sak blir oppretta.

02.24 melder politiet om ein svært rusa person som urinerte mellom anna på ei glasrute. Også han blei teken med til arresten og politiet opprettar sak på forholdet.

Like før, klokka 02.10 blei ein aggressiv og rusa mann teken med til arrest. Også dette skjedde i Ålesund.

Ein annan mann blei arrestert noko tidlegare på natta, klokka 01.15. Også han skal ha vore rusa og aggressiv i Ålesund sentrum.

I Ørsta blei 24 bilførarar kontrollerte av politiet natt til laurdag. Ein av dei fekk forenkla forelegg på grunn av overlast i bilen, ifølgje ei Twitter-melding klokka 03.05.