Sætre blir ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri:

Satsar millionar på betongflåter

Harald Sætre er tilsett som konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS, ei verksemd som no investerer mellom 30 og 40 millionar kroner for å kunne produsere fleire flytande betongkonstruksjonar.

Sjefsskifte: Både avtroppande konsernsjef Vidar Moldskred og påtroppande konsernsjef Harald Sætre har stor tru på framtida for Ulstein Betongindustri.  Foto: Privat

Nyheter

Frå nyttår tok Harald Sætre over som konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS, ifølgje ei pressemelding frå konsernet.

Han kjem frå stillinga som økonomisjef/assisterande konsernsjef, og overgangen til ny stilling har vore planlagt lenge.

Vilje og evne til utvikling

Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Han har vore tilsett i Ulstein Betongindustri sidan 2013. Han kom då frå Breivik Kalkverk på Larsnes, der han i 16 år hadde stillinga som dagleg leiar.

– Det vert spanande å ta fatt på oppgåvene i den nye stillinga. Eg kjenner etter kvart verksemda relativt godt og er stolt over å arbeide i eit selskap med så mykje flinke tilsette og med så lange tradisjonar som Ulstein Betongindustri har, seier Sætre og legg til at det er ei solid bedrift, godt ankra i lokalmiljøet, med vilje og evne til utvikling.

Han held også fram at eigarar, styre, leiing og tilsette er «framoverlente» og alle bidreg med stor innsats til bedrifta sitt beste.

Produserer betongflåter

Vidar Moldskred som no går av som konsernsjef, har vore i bedrifta samanhengande frå 1986. Han held fram som dagleg leiar i Ulstein Entreprenør AS.

Saman med faren Tolleiv Moldskred var han med på å få i hamn den første kontrakta på betongflåter, og dette var starten på den flåteprodukasjon bedrifta har på Haddal i dag.

Totalt er det frå 1988 bygd snart 135 betongflåter på Haddal under merkenamnet Ulsteinflåten.

Investerer mellom 30 og 40 millionar

Ifølgje pressemeldinga har Ulstein Betongindustri hatt ei flott utvikling siste ti-femten åra.

Produksjon av flytande betongkonstruksjonar har vore eit vellukka satsingsområde, hittil mest takka vere havbruksnæringa, men dei ser stort potensial også i andre marknader.

– Det komande halvåret investerer vi 30-40 millionar kroner i utvida kapasitet, nettopp for produksjon av flytande betongkonstruksjonar, seier Sætre.

I pressemeldinga går det også fram at Vidar Moldskred med sitt store engasjement og praktiske erfaring vil bidra vidare som engasjert eigar og styrerepresentant.

Felles for både avtroppande og påtroppande konsernsjef er at dei har stor tru på framtida.