Volda møtte eit godt Charlottenlund-lag, og sleit før pause

– Vi viste styrke i 2. omgang

Volda slo til slutt Charlottenlund 34-30 i søndagens 1. divisjonskamp i handball for damer. Og trenar Halldor Stefan Haraldson var alt i alt nøgd.

God start på 2019: Maria Ulla og dei andre Volda-jentene hadde all grunn til vere nøgd etter firemålssigeren mot Charlottenlund i Trondheim. Ulla scora seks mål for Volda.  Foto: Jarle Mordal

Nyheter

– Vi må hugse på at vi faktisk møtte eit godt lag. Charlottenlund slo Follo, som ligg rett bak oss på tabellen, i forrige runde, og vi visste at dette kunne bli ein tett kamp. Og då er det sterkt å vinne ganske klart. Vi viste styrke i 2. omgang, då viste vi at vi er eit bedre lag enn Charlottenlund, meinte Volda-trenaren.