Distriktssekretæren i LO får kritikk etter å ha bedt om realisering av Møreaksen

– Eit grovt overtramp

Fleire reagerer på at distriktssekretær i LO, Kari Hoset Ansnes, har signert på eit brev som ber om realisering av Møreaksen snarast.

Møreaksen: I eit brev til Samferdselsministeren, mellom anna signert av distriktssekretær Kari Hoset Ansnes, bes det om snarleg realisering av Møreaksen. Det får fleire til å reagere. Vegprosjektet består mellom anna av ei bru over Julsundet, mellom Molde og Midsund. ILLUSTRASJON: MØREAKSEN AS 

Nyheter

Eit brev til Samferdselsdepartementet signert diverse organisasjonar i Møre og Romsdal og distriktssekretær i LO, Kari Hoset Ansnes, får fleire til å reagere, mellom anna i lesarinnlegg i Sunnmørsposten og Tidens Krav.