Bestilte overgrep på nett

Sunnmøringen i 70-åra bestilte valdtekt og overgrep mot mindreårige via nettet. Rettssaka starta i Søre Sunnmøre tingrett tysdag.

Aktoratet: Aktor og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim i retten saman med politietterforskar Solveig Otterlei Bunes.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Sunnmørsposten følgjer saka i retten

– Dette er ei av dei større saker om nettovergrep her i distriktet, har statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim tidlegare uttalt til Sunnmørsposten.

Det var FBI som via Kripos varsla politiet på Sunnmøre om mannen. Ifølgje tiltalen har han ikkje fysisk forgripe seg, men han har bestilt overgrep via videochattetenester. Politiet fann 36.000 overgrepsbilde og – videoar då dei ransaka mannen sin bustad.

Forsvararen hans, advokat Axel Lange, har tidlegare opplyst at mannen har vedgått dei faktiske forholda.

Ifølgje Nordheim er det 21 år strafferamme for det mannen er tiltalt for.


Bestilte valdtekt og overgrep på nettet:

Sunnmøring avslørt av FBI i stor overgrepssak

Mannen i 70-åra bestilte valdtekt og overgrep via nettet. Strafferamma for handlingane er lovas strengaste straff.