Førehandsval på ferja?

ILLUSTRASJONSFOTO  Foto: Vikebladet

Nyheter

(Vikebladet.no): Hareid kommune vurderer å prøve noko nytt i kommunevalet denne gongen.

Dei har vendt seg til valg.no for å høyre om dei kan gjennomføre førehandsval på ferja eller hurtigbåten ein dag eller to til hausten. Dei lurer på om det er noko i vegen i lovverket for å gjennomføre eit slikt tiltak.

Dei viser til at Hareid kommune er eit trafikknutepunkt på Søre Sunnmøre. Dei har både ferje- og hurtigbåtsamband som knyt Hareid/Ulstein/Herøy saman med Ålesund/Sula.

Denne saka stod først på trykk hos Vikebladet.