Fann 55 gram amfetamin i Stryn

I samband med pågriping av ei kvinne som ikkje møtte til soning, fann strynepolitiet 55 gram amfetamin.

Skarp nase: Politihunden Theo og eigar Tor Egedahl fann 55 gram amfetamin i bustaden til kvinna i 20-åra.   Foto: Privat

Politiet fann 55 gram amfetamin under ransaking hos ei kvinne busett i Stryn.   Foto: POLITIET

Nyheter

(Fjordingen.no:) – Kvinna som er i 20-åra hadde nyleg flytta til Stryn kommune då ho unnlet å møte til soning av ein dom på ni månader ubetinga fengsel, hovudsakleg for narkotikabrotsverk. Under pågriping fann vi brukarutstyr som gjorde at det vart sett i gang ransaking etter narkotika.

Politihunden Theo snuste fram 55 gram amfetamin og nokre tablettar, opplyser politibetjent Vidar Stavik til Fjordingen. Partiet med narkotika som var funne i kvinna sin bustad har ein salsverdi på om lag 50.000 kroner.

– Veldig greitt å få vekk frå Stryn, seier Stavik.

Denne saka stod først på trykk hos Fjordingen.