Sykkylven:

Vedtok legevaktordning

Formannskapet i Sykkylven gjekk måndag inn for å forlenge avtaleperioden for daglegevakt som dei har med Sykkylven Legesenter, mot ein stemme.

Legevakt: Avtalen koster 740.000 i året.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Sykkylven Legesenter sa først at dei ikkje ønskte å forlenge avtalen om legevakttenester, men i tida før jul ombestemte dei seg og sa seg villig til å forlenge avtalen ut juni 2019. Dermed tok ordførar Odd Jostein Drotninghaug ein ringerunde til alle dei faste medlemmane i formannskapet, som skal ha sagt seg positive til å gjere dette. Den gamle avtalen utløp ved årsskiftet.

Måndag blei denne avtalen formelt behandla i eit hasteinnkalla formannskapsmøte. Saksdokumenta blei gjort offentlege omtrent ein time før møtet starta. Rådmannen råda formannskapet til å vedta avtalen.


Sykkylven:

Hastebehandling av daglegevakt

Daglegevaktavtalen mellom Sykkylven kommune og Sykkylven legesenter gjekk ut 1. januar.

 

Lege fekk medhald i retten - Sykkylven kommune må stanse tilsettingsprosess

Sunnmøre tingrett har lagt vekt på at Øystein Hove vil bli påført ein betydeleg ulempe ved å ikkje få selt sin legepraksis.