Har vurdert samanslåing av fødeavdelingane i Volda og Ålesund:

– Alle steinar blir snudd før vi gjer endeleg vedtak

Fødeavdelingar, sengepostar og psykiatri blir diskutert når Helse Møre og Romsdal skal kutte i drifta.

Direktør: Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det skrivar NRK, som har fått tilgang på dokument som viser disuksjonar kring svært kontroversielle tiltak, blant anna fødeavdelinga i Volda har vore diskutert nedlagt.

– Det går føre seg prosessar på alle klinikkane, avdelingane og seksjonar. Vi har ei brei involvering der vi jobbar med aktuelle område, seier administrerande direktør i Helse og Møre Romsdal Espen Remme til NRK.

Eit referat frå eit møte den 12. desember viser at ei samanslåing av fødeavdelingane i Volda og Ålesund var eit sentralt punkt

– Eg forstår godt at forslaget om å slå saman fødeavdelingane i Volda og Ålesund blei parkert tidleg. Eit slikt forslag ville ikkje vere i tråd med den nasjonale sjukehusplanen. Så eg kan ikkje forstå at dette kunne kome opp som eit forslag ein gong, seier Jørund Knardal i sjukehusaksjonen i Volda.