– Behovet for skiguidar aukar

Norske Tindevegledere ser behovet for fleire kvalifiserte skiguidar. For å møte etterspurnaden, vert det no mogeleg å verte rein skiguide, utan å samstundes måtte vere ekspert på fjellklatring.

Vegleiar: Stadig fleire ønsker å betale for ein kompetent fjellførar og dermed ein betre, tryggare topptur.  Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Det er ein del av samfunns-oppdraget vårt å bidra til auka kunnskap om sikker ferdsel i fjellet

Leif I. Magnussen
Nyheter

– Det har vore ei formidabel interesse med over 60 søkjarar, seier president Leif I. Magnussen i Norske Tindevegledere (Nortind) til Nynorsk pressekontor.

Norge skil seg frå mange andre land ved at det ikkje stillast krav til at fjellførarar må vere utdanna. Les Sunnmørspostens reportasje:


Den veksande naturguidenæringa på Sunnmøre og i Norge:

– I det ein må bruke klatresele og sikre seg med tau, treng guiden spesialkompetanse

Foreslår førarkort for fjellførarar


I vinter startar Nortind det nye utdanningsløp som tar sikte på å utdanna skiguidar.

Organisasjonen har byrja jobben med å plukka ut dei mest kvalifiserte søkjarane til ei opptakssamling i februar.

Dei skal utdannast i blant anna ferdsel og vegval på alpine turski og fjellski, snø- og skredkunnskap, brekjennskap, redning, planter og dyr, klede, mat og drikke, og norsk friluftslivshistorie og tradisjonar, meldar Nynorsk pressekontor.