Skal motivere til meir plastrydding

Sunnmørskysten er eit av dei områda som er hardast ramma av plastforureining.

SØPPEL: Problemet med plastforureining av havet har vist seg å vere mykje større enn nokon hadde sett føre seg.   Foto: PICASA

Nyheter

For å bidra til ryddinga av plast har Runde Miljøsenter saman med Sunnmøre friluftsråd og Sparebank 1 Søre Sunnmøre, tatt initiativ til å gjennomføre ein workshop for frivillige på Runde 12.–13. januar. Det fortel dei i ei pressemelding.

Problemet med plastforureining av havet har vist seg å vere mykje større enn nokon hadde sett føre seg og er no eit av dei største miljøproblema som verda står over for.

Dei legg til at ein god del plastavfall kjem frå lokale utslepp, men svært mykje kjem med havstraumane frå det europeiske kontinentet og frå dei britiske øyane, Island, Færøyane og Nord-Amerika.

– Det er ei kjempestor oppgåve å halde strendene våre reine for plast. Heldigvis har det vist seg at det er eit svært stort engasjement i lokalbefolkninga og det har kome i gang fleire oppryddingsaksjonar. Det er gjennomført ein kjempestor frivillig innsats dei siste åra, og utan innsatsen frå dei frivillige vil ein ikkje kunne greie å halde kysten rein for plast, seier Nils-Roar Hareide, leiar ved Runde Miljøsenter.