Nyttårshelga i delar av Norddal:

Utan straum, vatn – og varm mat

Øvre Fjørå og Vika i Norddal var utan straum 28 timar i nyttårshelga. Det vil dei ikkje ha om igjen.

VASSVERK: Reinseanlegget ved Fjørå Vassverk kopla seg ut på grunn av straumbrotet nyttårshelga. Dei måtte ha reparatør frå Sykkylven for å rette på feilen.   Foto: FJØRÅ VASSVERK

Nyheter

No ber dei ordførar Arne Sandnes ta affære for å få Mørenett til å gjere dei nødvendige tiltaka slik at ein unngår liknande situasjonar i framtida.

I eit brev til ordføraren skriv styret i Fjørå vassverk at nyttårshelga vart vanskeleg for folk i dei to bygdene Vika og Fjørå.

Ein feil på linjenettet var årsaka til at straumen forsvann. Nokre fekk han att, men Øvre Fjørå og Vika var utan straum i 28 timar.

– Innbyggarane i Fjørå og Vika vil ikkje fortsette å ha det slik. Denne nyårshelga vart spolert for alle. Nyttårsmaten vart det ikkje noko av. Dei fleste utsette den til 1. nyttårsdag, men då kopla Mørenett ut straumen på nytt frå klokka 13 til 16. Litt av ei nyttårshelg, skriv vassverksstyret.

Dei peikar på at utan straum fekk dei som har grunnvatn som må pumpast opp, store problem med vassforsyninga.

På toppen av det heile kopla reinseanlegget til vassverket seg ut slik at Vika og Fjørå var utan vatn ein stor del av 1. nyttårsdag.