Påstand om tolv år fengsel for nettovergrep

Aktor: – Særs krenkande overgrep mot fattige barn, i kynisk sexindustri

Sunnmøringen betalte og hadde ei aktiv rolle for sjå fattige barn bli utsett for svært krenkande seksuelle overgrep. Aktor meiner han må straffast med tolv år fengsel.
Nyheter

– Overgrepa har skjedd via nettet, men han skal ikkje straffast mildare enn om han hadde fysisk kontakt med offera, sa aktor Ingvild Thorn Nordheim før ho la ned påstand om tolv år fengsel for mannen i 70-åra før rettssaka mot han blei avslutta torsdag.