Femåring kritisk skadd etter fall i trapp

Ein fem år gamal gut er kritisk skadd etter eit fall på Nordfjordeid.
Nyheter

Det melder Bergens Tidende. Ulykka skal ha skjedd torsdag på Nordfjordeid, og guten blei send til Haukeland universitetssjukehus.

Guten er kritisk skadd, melder sjukehuset torsdag kveld klokka 21.55.

– Det blei oppretta ei undersøkingssak, og vi har vore i heimen der ulykka hende. Guten har falt i ei trapp inni huset, opplyser operasjonsleder Per Algrøy ved Vest politidistrikt, som ser på hendingsgangen som nokså avklart.