Forsvinningssaka i Ørsta:

Gjorde søk med hund i terrenget

Spesialtrente hundeekvipasjar gjorde søk torsdag, utan at det vart gjort funn av interesse.

Ørsta: Snø gjer det nærast umogleg å leite etter den sakna polske kvinna i Ørsta, men torsdag vart det søkt med hund i terrenget. Illustrasjonsfoto: Terje Engås 

Nyheter

I ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt om status for leitinga etter den sakna Maja Herner i Ørsta, går det fram at det torsdag denne veka var to spesialtrente hundeekvipasjar frå politidistriktet oppe i terrenget for søk. Søket vart avslutta utan at det denne gongen vart gjort funn av interesse.

- Hundane som var i bruk torsdag er spesielt sertifiserte for å søke etter omkomne. Oppdraget deira vart utført etter at politiet fekk inn fleire interessante tips om observasjonar av fugl over bestemte punkt i landskapet, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad som leiar etterforskinga. Tips om ramn nær bakken på eit punkt oppe ved foten av Vallahornet har tidlegare resultert i at ein politipatrulje gjorde søk.


Maja Justina Herner sakna i Ørsta:

Gjorde nytt søk etter sakna polsk kvinne etter tips

Observasjonar frå publikum gjorde at ei politipatrulje vart sendt til fjells i Ørsta i nyårshelga.


Den taktiske etterforskinga vil halde fram på nyåret, seier politiadvokaten vidare.

- I ei slik etterforsking der nokon er sakna, vil ein del av politiet sitt arbeid vere å kartlegge den sakna sine bevegelsar og kontaktar. Innhenting av digitale spor og gjennomgang av desse er også ein sentral del av politiet sitt arbeid. Det er dette arbeidet som no held fram. Heilt frå 21. november då Herner vart meldt sakna har politiet undersøkt breitt og ikkje låst seg til teoriar om kva som har skjedd henne. Politiet har ikkje haldepunkt for at det har hendt noko straffbart, heiter det.

Politiet gir uttrykk for at dei set stor pris på tipsa som kjem inn frå publikum.

- Gjentekne observasjonar av til dømes fugl over bestemte punkt i terrenget vil vi gjerne vite om. Dei som observerer noko som kan settast i samband med den sakna, må merke inn på kartet så nøyaktig som mogleg og gi ei melding til oss, heiter det.