Dette skjedde i natt:

Rykka ut til slåssing i sentrum

Politiet måtte natt til laurdag rykke ut til Volda fleire gonger.
Nyheter

Første gong var i 01.30-tida. Då fekk politiet melding om to personar som slåst i Volda sentrum.

Det skal vere snakk om to menn. Ein fekk eit slag over nesa og eit kutt i armen.

Ingen blei alvorleg skadd i hendinga, men den fornærma blei frakta til legevakt for ein sjekk.

Møre og Romsdal politidistrikt melder på Twitter at den fornærma parten også blir anmeldt for ordensforstyrringar.

Piratkøyring og meir vald

Ein mann i slutten av tenåra blei i natt anmeldt for piratkøyring. Også dette i Volda.

I dei tidlege morgontimar laurdag morgon, nærare bestemt klokka 05.23 fekk politiet igjen melding om ei hending i Volda.

Dei rykka ut etter melding om vald på offentleg stad. Ein patrulje var på staden og fekk kontakt med alle involverte. Det blir oppretta sak på hendinga.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter