Sunnmøringen er dømd for seksuelle overgrep mot mindreårige jenter via internett. Mannen kjøpte seksuelle tenester via internett og videochat med asiatiske jenter.
Ein reknar med at det er over 60 ukjende barn som er offer i saka. Og Søre Sunnmøre tingrett legg til grunn at dette er fattige barn som er ekstra sårbare.
– Dei er offer for ein kynisk sexindustri som utnyttar barn på det grovaste og i organiserte former, skriv retten.
Særleg krenkande meiner retten det er at barna blei filma og overgrepa blei formidla direkte over internett.
Det eine overgrepet mannen betalte for å få utført er rekna som samleie.
Då rettssaka starta i Søre Sunnmøre tingrett sist veke, nekta mannen for dei mest alvorlege overgrepa. På dag to i rettssaka valde han å erkjenne alle forholda han var tiltalt for.
Aktor i saka, statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim, la i retten sist veke ned påstand om at mannen måtte dømmast til tolv år i fengsel.
Påstand om tolv års fengsel i overgrepssak via nettet
Aktor ber om fengsel i tolv år for en mann i 70-årene fra Møre og Romsdal som er tiltalt for å ha bestilt overgrep via internett mot 65 jenter på Filippinene.
Påstand om tolv år fengsel for nettovergrep
Aktor: – Særs krenkande overgrep mot fattige barn, i kynisk sexindustri
Sunnmøringen betalte og hadde ei aktiv rolle for sjå fattige barn bli utsett for svært krenkande seksuelle overgrep. Aktor meiner han må straffast med tolv år fengsel.
Vedgår overgrep mot asiatiske barn
Sunnmøringen i 70-åra nekta først for fleire av punkta han var tiltalt for. Torsdag valde han å vedgå straffskuld for heile tiltalen, også dei mest alvorlege forholda.
– Overgrep på nett inneber at offer blir utsett for livslang krenking
– Overgrep på nettet inneber ei vedvarande og livslang krenking. Du må leve med at det kan dukke opp når som helst, seier psykologspesialist Marit Buset.
Sunnmøring i 70-åra nekta straffskuld på fleire punkt
Den overgrepstiltalte mannen skal ha betalt nær ein halv million kroner i samband med seksuelle chattetenester på nettet.
Bestilte overgrep på nett - rettsak startar tysdag
Sunnmøringen i 70-åra bestilte valdtekt og overgrep mot mindreårige via nettet. Rettssaka starta i Søre Sunnmøre tingrett tysdag.