Sørestranda i Sykkylven:

Foreldre og elevar aksjonerte for trygg skuleveg

Redde foreldre samla seg til ein spontanaksjon ved Sørestranda skule i Sykkylven måndag. Dei etterlyser tryggare tilkomstveg til skulen.

SKULEVEG: Foreldre og elevar aksjonerte for ein tryggare skuleveg ved Sørestranda skule på Ikornnes i Sykkylven måndag. Dei står på staden der ein skulebuss ved eit uhell hamna i autovernet sist fredag. 

Nyheter

– Sørestranda skule stod ferdig for sju-åtte år sidan. Den store tabben var at dei ikkje samtidig laga ein trygg tilkomstveg til skulen, seier Trond Blakstad.